Å vere dobbelt sjøblind - ein forsvarsdebatt på ville vegar

Å vere dobbelt sjøblind - ein forsvarsdebatt på ville vegar

. 10 minutter å lese

Tor Ivar Strømmen

Orlogskaptein, historikar, forskar og doktorgradsstipendiat i sjømaktsteori. Tenestegjer som hovudlærar i maritime operasjonar ved Sjøkrigsskulen.

I spaltene til Stratagem har det funne stad ein ihuga debatt om Hæren si innretting og det såkalla Finnmarksproblemet. Ein debatt der skarpskodde og kunnige debattantar som Sverre Diesen og Kjell Sjåholm har kryssa klingene, men diverre også ein debatt dels i utrengsmål. I utrengsmål med di debatten er eit blindspor kor ein berre ser på eit, og jamvel eit relativt usannsynleg, scenario – framfor å faktisk ta tak i ulike scenario og operasjonelle oppgåver Hæren i samvirke med resten av Forsvaret må vere budd på å møte og handtere dersom det skulle bli krig. Og verst av alt, debatten manglar fullstendig kopling mot det maritime, altså domenet som er avgjerande for stormaktene sine disponeringar, planar og handlingar i vår region. Eit domene som dessutan langt på veg vil definere russisk, alliert og norsk spelerom gjennom sine ibuande moglegheitsrom og viktige avgrensingar. Det er faktisk på tide å erkjenne geografien si påverknad på krig og krigføring i og ved Noreg utover ei smal vegline forbi Lyngen. Norsk forsvarsdebatt generelt, og spesielt debattar kring «Finnmarksproblemet» er rett og slett dobbelt sjøblind. Debatten er både strategisk sjøblind og geografisk sjøblind.

Eg vil derfor setje fram nokre synspunkt som kanskje kan leie debatten inn på eit nytt spor, eit spor kor forsvaret av Noreg blir drøfta og forstått i ein rettare kontekst. For å gjere det vil eg ta utgangspunkt i det mest grunnleggande spørsmålet ein må spørje seg om når ein skal basere forsvarsplanlegging på eit scenario, som til dømes det famøse såkalla Finnmarksscenarioet.  Kvifor skulle Russland ha interesse av å okkupere Finnmark?

Dette er eit spørsmål som spring ut av ei erkjenning av at Noreg ikkje definerer kva ein slås om, eller når det kjem til krig, i vår region. Det finnast strengt tatt berre to kategoriar av konfliktar kor Russland vil bruke valdsmakt mot eller kring Noreg.

Den første er den bilaterale. Det er vanskeleg å sjå nokon potensielle bilaterale konfliktar mellom Noreg og Russland kor konflikten sin verdi for Russland vil vere tilstrekkeleg stor til at Russland er viljug til å risikere eskalering til væpna konflikt med Nato. Følgjeleg, i eit bilateralt scenario vil Russland søke å halde konflikten nettopp bilateral – og då vil valdsbruken så sant mogleg ikkje innebere invasjon og okkupasjon nettopp for å unngå ukontrollert eskalering. Valds- og tvangsmakta frå den aggressive part vil altså bli avgrensa til det maritime domenet så langt mogleg, altså til domenet kor dei tenkelege bilaterale konfliktane også vil ha sin utgangspunkt.

Den andre og langt meir sannsynlege kategorien av konflikt mellom Noreg og Russland er ei stormaktskonflikt kor krigen kjem til Noreg primært grunna kor Noreg ligg geografisk. Altså ei stode kor det blir krig hjå oss grunna noko som skjer ein annan stad. Det er denne kategorien eg vil sjå på vidare her.

Skal me planlegge eit truverdig og føremålstenleg forsvar, så må me ta utgangspunkt i tre grunnleggande faktorar. Me må forstå kva me skal forsvare, me må forstå geografien og me må ta utgangspunkt i kva Russland og våre allierte sine viktigaste strategiske interesser i vår region er, og korleis dei operasjonelt kan gå fram for å nå eller trygge desse. Desse tilhøva vil vere relativt stabile og dimed faktorar me kan sjå på for å etablere ei forståing for framtida sine moglege konfliktar og krigar utan å måtte gå til spekulasjonar.

Russland sine styrande strategiske og operasjonelle målsetjingar i Noreg sine nærområde er faktisk relativt konkrete og lette å slå fast enn så lenge. Russland vil meir enn noko søke å trygge sine strategiske ubåtar sin operasjonsfridom, samt trygge den infrastrukturen desse ubåtane er avhengige av for fortsetje å levere ynskja effekt over tid. Alt anna er sekundært til dette. Lukkast Russland ikkje med å trygge andreslagsevna, så vil dei ikkje lengre ha eskaleringsdominans og kan bli tvinga til forhandlingar på svært ugunstige vilkår, eller gradvis å oppleve eit konvensjonelt nederlag, eller alternativt jamvel eit ragnarok. I kort, kan  ikkje russarane trygge dei strategiske ubåtane, så vil dei miste mykje av spelerommet for å bruke militærmakt som eit diplomatisk verktøy, og per i dag er militærmakta det einaste verkeleg potente verktøyet Russland disponerer. Deira posisjon som stormakt kviler røynleg på moglegheita for å påverke andre gjennom militærmakt og lite anna. Dette gjeld også når dei ikkje aktivt brukar militærmakta, men berre får effekt gjennom militærmakta sitt potensiale. Følgjeleg vil eit tap av andreslagsevna, eller ein truverdig trugsel mot denne, ikkje berre utgjere ein militærstrategisk katastrofe for Russland, men også ei røynleg utradering av Russland som global stormakt. Kor viktig denne trygginga av andreslagsevna er for Russland ser me mellom anna i dei ovstore investeringane dei gjer i nye strategisk ubåtar og deira vern, samt i alle dei ulike alternative systema dei nærmast desperat byggjer opp for å kompensere for overlegen amerikansk luft- og sjømakt og aukande amerikansk evne til ballistisk missilforsvar.

I erkjenning av dette russiske strategiske imperativet, så kan me utleie sume sentrale slutningar kring deira bruk av militærmakt i vår region. For det første, mest alle militære aktivitetar ein vil sjå frå den russiske Nordkommandoen, vil vere retta mot å styrke deira defensive evne for å nå målsetjinga om å trygge og oppretthalde andreslagsevna. Først når denne målsetjinga er nådd og kan oppretthaldast med tilstrekkeleg sannsyn, vil dei kunne byrje å bruke eventuell restevne til andre føremål. Det vil til dømes seie at eventuelle russiske maritime operasjonar ut i Atlanterhavet primært vil ha som føremål å bygge djupne i område- og tilgangsforsvaret, og helst for å etablere sjønekting mot amerikanske offensive kapasitetar. Merk at sjønekting inneber at ein motstandar avstår frå å prøve å projisere makt over eller frå havet, eller i det minste at motstandaren avstår frå ein eller fleire spesifikke formar for maritim maktprojeksjon. Dersom motstandaren faktisk prøver å projisere slik makt, uavhengig av kva nektingstiltak ein har gjennomført, så kjempar den defensive sida for å reetablere ei stode kor motstandaren avstår frå prøve. Sjønekting har ein altså berre når den ikkje blir utfordra.

Russland si eine og fullstendig dominerande interesse i nærområda til Noreg er altså primært maritim. Trugselen mot deira strategiske tyngdepunkt er også primært maritimt, spesielt i innleiinga av ein krig. Følgjeleg, trugselen Russland må møte er altså primært vestlege angrepsubåtar og langtrekkande vestleg luftmakt i første omgang, i andre omgang også hangarskipsgrupper og potensielt innsetting av landmakt sjøvegen. Det er berre dersom det står vestleg landmakt med offensiv kapasitet nær opptil russegrensa, eller dersom Noreg eller Noreg sine allierte disponerer luft- eller landmakt med stor evne til å slå i djupna utan førebuing og styrkeoppbygging, at trugselen frå landjorda vil vere substansiell mot russiske strategiske imperativ og følgjeleg noko som må handterast raskt og avgjerande.

Ser ein så på Finnmark igjen og spør seg kva føremon Russland kan hente av å okkupere delar av eller heile Finnmark, så vil ein slite hardt med å finne eit svar som rettferdiggjer Noreg sitt store fokus på dette området i vår forsvarsplanlegging. Det einaste viktige målet for Russland i Finnmark per no, i den strategiske røyndomen eg har skildra, er norske og allierte sensorar, og dei kan nøytraliserast utan okkupasjon. Sume vil gjerne argumentere for at Russland kan nytte Finnmark for å utvide djupna i området kor dei har nektingskapasitet. Til det er det å seie at - ja sjølvsagt kan dei det, men den auka rekkevidda og dekninga ein får ved å skuve slike system inn i Finnmark vil vere ei minimal betring av deira tilgangs- og områdenektingskapasitet (A2/AD). Skal framskuv av slike nektingskapasitetar røynleg gi auka defensiv kraft, så må desse systema langt lengre vest og helst ut mot Norskehavet, og dette må skje raskt. Dvs. innan dagar, helst timar etter at ein stridssituasjon er etablert.

Ein okkupasjon av Finnmark vil dessutan vere tid- og ressurskrevjande sjølv utan substansiell norsk motstand. Ein skal aldri gløyme at det er over 500km frå Kirkenes til Alta – det tar tid, spesielt dersom nokre bruer blir sprengt og ein må rykke fram under ein lufttrugsel. Ein skal heller ikkje gløyme at det finnast ei rekkje moglegheiter for å avskjere eller angripe i flanken på ei russisk invasjonsstyrke i Finnmark. Ikkje minst vil Finland utgjere ein alvorleg trugsel mot ei slik styrke – og Russland kan knappast rekne med at Finland sit i ro dersom Russland invaderer Noreg. Ein skal heller ikkje gløyme at Russland berre disponerer tre brigader i heile Nordkommandoen, og neppe vil ha rom for overføre betydeleg meir landmakt til vår region i ei stode kor dei er i ein storskala konflikt med Nato. Desse fåtalige einingane skal løyse svært mange oppgåver, både offensive og defensive.  Å binde mykje av denne landmaktskampkrafta ned i Finnmark, vil dimed avgrense alle andre operasjonelle moglegheiter dei har kraftig. Det i seg sjølv gjer Finnmarksscenarioet usannsynleg.

Eg vil difor i sum hevde at ein okkupasjon av Finnmark vil vere noko av minst farlege Russland kan gjere mot Nato og vesten sine strategiske målsetnader. Ein slik okkupasjon vil binde deira offensive kraft, vil knappast auke deira defensive stridsevne i luftdomenet eller i det maritime domenet, og vil auke sannsynet for at dei andre nordiske landa vil blande seg substansielt inn i konflikten – anten sjølve eller gjennom å ynskje amerikanske styrker velkomen.

Men sett at Russland likevel, på tross av dette, faktisk invaderer Finnmark. Då er Noreg moralsk og folkerettsleg forplikta til å møte trugselen på einkvan måte. Samstundes, så er ei flytting av brigaden landevegen frå Troms til Finnmark, som Diesen korrekt påpeiker, umogleg dersom fienden ikkje ynskjer at det skal skje. Ein treng heller ikkje bruke kryssarmissilar eller liknande for å hindre ei slik flytting, det held faktisk med enkle spesialoperasjonar, eller relativt enkle gråsoneåtak (t.d. brennande lastebilar i tunnelar…). Og sjølv utan motstand, så vil ei flytting landvegen frå Setermoen til Alta vere svært tidkrevjande – det er trossalt 400km langs ei smal vegakse med kontinuerleg lufttrugsel.

Dette skulle tilseie at Diesen si løysing er den mest truverdige, men berre dersom ein gløymer at Noreg si største og beste transportåre er havet. Å flytte brigaden sjøvegen er raskare, enklare og potensielt langt tryggare enn kva alle andre alternativ er – men berre dersom Noreg er i stand til å dominere og utnytte kystsona. Ein treng heller ikkje store dedikerte kapasitetar i Forsvaret for å gjere slik sjøvegs transport, ein kan utnytte totalforsvaret, men berre så lenge ein kan laste av på stadar kor fienden ikkje har etablert forsvar. I Noreg har ein 300-500 offshore skip med stor kapasitet til dekkslast, nøyaktige posisjoneringssystem, avgrensa trong for store kaier og betydeleg ibuande krankapasitet. I tillegg har me mange hundre mindre havbruksbåtar med kranar og fart, samt lokale mannskap. Å etablere ein potent nektingskapasitet mot slike fartøy, og spesielt mot ei myriade av slike fartøy, er nærmast umogleg utan vesentleg større maritime og luftstridskrefter enn kva Russland disponerer i dag. Utfordringa med å trygge seg mot lufttrugsel vil sjølvsagt framleis vere der, men jamvel den er mindre ved ei sjøvegs flytting av brigaden, enn ved bruk av landevegen. Dette med di ein ved ei sjøvegs flytting må jakte på mange og mobile mål, framfor ei bestemt vegakse eller eit fåtals høgverdi mål ein veit kor er.

Så tilbake til utgangspunktet. Dersom Russland ikkje vel å gå inn i Finnmark med stor styrke, så vil dei sjølvsagt søke andre alternativ for å oppnå sine operasjonelle målsetjingar. Dette kan til dømes vere å setje seg fast på stadar i Noreg kor dei lett kan forsvare seg, og som samstundes gir dei rom for å skuve fram nektingskapasitetar i form av missilsystem og sensorar. Ein rask kikk på kartet syner ei rekkje gode alternativ for ei slik tilnærming, eit par typisk døme kan vere Andøya eller ein stad i Lofoten. Eg vil ikkje drøfte korleis dei kan gjere dette, berre grovt skissere sume alternativ og ein føresetnad. Den avgjerande føresetnaden er at dei kan stogge eller kraftig redusere norsk luftmakt i innleiinga av ei konflikt – noko dei uansett må gjere med di F35 utgjer ein alvorleg og potensielt avgjerande trugsel mot alle deira tenkelege taktiske operasjonar i vår region. Ei framføring av makt for å etablere forsvarbare nektingsnoder djupt inne i Noreg kan gjerast til dømes amfibisk frå sivile eller militære fartøy, ved ei luftlandsetting, eller jamvel ved hjelp av «fisketuristar» i kombinasjon med fiskefartøy eller handelsfartøy som fører skjult militær last og som allereie er i eller nær norske farvatn. Moglegheitene er mange, spesielt i dei første timane av eit mogleg strategisk overfall.

Skulle russarane setje seg fast ein eller anna plass på kysten, så gir det Forsvaret to viktige oppgåver som må løysast, både frå eit nasjonalt og eit alliert perspektiv. Den første og viktigaste er å redusere dei operasjonelle føremonane russarane kan hauste av slike støttepunkt, den andre er å ta tilbake kontroll over eige territorium. Båe deler, men særleg den siste, vil med stort sannsyn føresetje tilgang på og bruk av offensiv slagkraft på land. Slik landmakt må nesten uansett kome sjøvegen og vil vere retta mot forsvart terreng. Snakkar me amfibisk landsetting, så er det ein kapasitet korkje Hæren eller Sjøforsvaret har, korkje kvar for seg eller samla, og som heller ikkje kan løysast ved hjelp av totalforsvaret sine ressursar. Her ligg altså ei spesifikk trong for endring av Forsvaret og Hæren si innretting – ei trong me ikkje drøftar i dag.

Eit siste punkt kor diskusjonane kring norsk forsvarsplanlegging er grunnleggande sjøblind relaterer seg til logistikk. Det er ikkje berre veglina frå Indre-Troms til Alta som er utfordrande, det er alle vegaksar nord for Trondheim. Landkommunikasjon kan kuttast lett ei rekkje stadar og for lang tid, og har svært avgrensa framføringskapasitet. Ein kan heller ikkje kvile seg på finske eller svenske vegar. Det er difor berre sjøvegen som gir ein robust løfteevne av naudsynte forsyningar, drivstoff, medisinar etc. til både Forsvaret og til sivilsamfunnet. Det er også berre via sjøvegen allierte forsterkingar på landsida kan førast fram til innsatsområdet, og kor ein realistisk kan trekke ut styrker dersom det er trong for det. Men igjen, skal Noreg nyttegjere seg av sjøvegen, så føreset det norsk evne til å dominere kysten der og når noko skal flyttast. Nokre formar for maritime operasjonar for å ha slik dominans vil vere temporære og konsentrert rundt transportfartøyet, medan andre – spesielt anti-ubåt og minerydding, må vere kontinuerlege for å vere truverdige og effektive. Dette drøftar me heller ikkje i særleg grad.

I sum, så ser me altså ein forsvarsdebatt som ikkje tar innover seg at Noreg si geostrategiske skjebne er maritim. Ikkje berre er alle stormaktsinteressene i vår region meir eller mindre maritime, men det er også maktmidlane stormaktene disponerer og vil bruke. I tillegg er Noreg, med omsyn til folkesetnad, infrastruktur, økonomi, samferdsle og ikkje minst militærgeografisk, eit grunnleggande maritimt land. Det er altså i manøverrommet mellom stormaktene sine operasjonar, og i det maritime, at Noreg må finne utgangspunktet for sitt forsvarskonsept. Dette både då det er hendingar og målsetjingar i det maritime domenet som avgjer kva militære aksjonar Noreg blir utsett for, men og med di Noreg i seg sjølv vil vere fullstendig avhengig av det maritime for å yte effektiv motstand, og for å bidra til ein alliert suksess på ein god måte. Noreg treng altså ein strategi kor dei andre domena tek utgangspunkt i det maritime.

For å avslutte denne rekka av strategiske slutningar med det mest klassiske motargumentet mot maritim strategisk tenking som finnast, så seier faktisk sjømaktsteorien at det alltid er på land krigar blir avgjort, og at kva som skjer på sjøen berre påverkar og mogleggjer avgjersle på land. Dette grunnpostulatet gjeld sjølvsagt hjå oss og, men berre dersom me føreset at det er på norsk landjord avgjersla kjem. Utfordringa er at når me kjempar i ein Nato-kontekst, så vil dette mest truleg aldri vere tilfellet for Noreg i isolasjon. Akkurat som i 1945, så vil avgjersla på land finne stad heilt andre stader enn på norsk landjord. Følgjeleg er det Noreg si evne til å påverke denne overordna avgjersla på land gjennom norsk påverknad på kva som finn stad i det maritime domenet som utgjer det viktigaste bidraget til Noreg inn i alliansen sine samla militærstrategiske rådgjerder for å nå ei føremålstenleg avslutting av krigen.

Foto: Jakob Østheim/ Forsvaret


Tor Ivar Strømmen

Orlogskaptein, historikar, forskar og doktorgradsstipendiat i sjømaktsteori. Tenestegjer som hovudlærar i maritime operasjonar ved Sjøkrigsskulen.

Er du enig/uenig med artikkelen, eller ønsker du å skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen og send inn ditt synspunkt. Bruk veiledningen vår.