All norsk luftmakt er maritim luftmakt!

All norsk luftmakt er maritim luftmakt!

. 11 minutter å lese

Tor Ivar Strømmen

Orlogskaptein, historikar, forskar og doktorgradsstipendiat i sjømaktsteori. Tenestegjer som hovudlærar i maritime operasjonar ved Sjøkrigsskulen.

Når me snakkar om norsk maritim luftmakt, så tenker ein gjerne på maritime patruljefly og antiubåt-helikopter, men er det dette som er norsk maritim luftmakt? Sjølvsagt ikkje.

Slike fly og helikopter er berre einingar som direkte blir brukt i maritime operasjonar. Skal me forstå maritim luftmakt i ein norsk kontekst, så må me sjå på heilskapen. Altså på kva strategiske mål som skal nåast og av kva for ein grunn. I denne artikkelen vil eg gå langt i å hevde at all norsk luftmakt faktisk må sjåast som direkte eller indirekte maritim luftmakt. Dette med di Noreg først og fremst er ein maritim stat i ein region kor strategiske målsetjingar primært er maritime, samt med di dei maritime områda kring oss må sjåast som grøne farvatn og dimed farvatn kor luftmakt påverkar dei maritime operasjonane i stor grad.

Nokre innleiande tankar

I 2015 formulerte Gjert Lage Dyndal eit teoretiske rammeverk for maritim luftmakt. I dette argumenterer han for at ei forståing for maritim luftmakt startar med å forstå dei maritime målsetjingane ein har og utifrå dette forstå dei to nivåa med bruk av luftmakt i det maritime domenet. Desse to nivåa er kjerneevner og spesialiserte roller. Han skriv vidare at ein må forstå alle desse tre nivå, altså mål, kjerneevner og spesialiserte roller, i samanheng for å forstå maritim luftmakt, ei makt som er både sjø- og luftmakt. Han hevdar vidare at ein vanskeleg kan forstå dei operasjonelle aspekta ved maritim luftmakt utan å forstå taktiske og tekniske aspekt ved luftmakta, og viktigare, ein kan knappast forstå maritim luftmakt utan innsikt i sjømakt og maritime målsetjingar.[1] Dette er eit framifrå utgangspunkt for å drøfte maritim luftmakt i eit norsk perspektiv, men først må eg trekke fram nokre viktige perspektiv som set norsk sjømakt og dimed maritim luftmakt inn ei strategisk perspektiv.

Den italienske admiralen og sjømaktsteoretikaren Giuseppe Fioravanzo har i sitt poetiske språk forklart relasjonen mellom sjø og landmakt slik:

Ei framtidig konflikt vil grunnleggande vere lik tidlegare konfliktar gjennom hundreåra – dette då dei vil bli avgjort av menneskja som er kledd og væpna som infanteristar. Berre infanteristen, viss fot trør marka, utøvar den avgjerande handlinga i krig – okkupasjonen av fienden sitt territorium. Dette med di me bur på landjorda.[2]

Fiorvanzo skriv ingenting om luftmakt her, men me kan trykt føresetje at han heller ikkje såg luftmakta som det avgjerande middelet. Ser me til ein annan viktig teoretikar, Alexandr Svechin, opphavsmannen til det operasjonelle nivået i krigføringa, så skreiv han i 1927 at me berre kan snakke om maritim operasjonskunst når maritime styrker har operasjonelle mål som ikkje er fellesoperative.[3] Eit liknande syn målber den kanskje viktigaste sjømaktsteoretikaren, Julian S. Corbett: «Menneskja bur på land, ikkje på havet, sjøkrig gir difor berre strategisk meining gjennom korleis utfallet påverkar hendingsgangen på land.»[4] Følgjeleg må land-, luft- og sjømakt brukast og sjåast på som ein heilskap dersom ein skal realisere dei føremonane bruk av havet gir, eller hindre fienden frå ei slik realisering.[5]Kombinerer ein desse to syna, så ser ein at ein studie av maritim luftmakt er ein studie av militærstrategi generelt, ikkje av luftmakta si rolle i det maritime aleine. Vidare ser me at marinestrategi er lite anna enn dei aspekt ved militærstrategien som føreset eller involverer sjømakt, og det er desse aspekta som avgjer kva sjømakta må og skal gjere.[6] Likeins vil difor luftmakta si rolle i det maritime bli avgjort av kva aspekt ved militærstrategien som føreset eller involverer sjømakt.

I sjøkrig syner me ofte til tre metaforiske fargar på havet: blå, grøn og brun. Desse fargane indikerer opphaveleg nærleiken til landjord i det maritime krigsteateret. Blått hav er det opne havet, grønt hav er dei littorale farvatna, mens brunt hav er elver, fjordar, bukter og deltaer. Under den kalde krigen fekk desse fargane meir spesifikk verdi. Blått hav var dei deler av hava kor maritime styrker primært ville kjempe mot andre maritime styrker. Grønt hav var farvatna kor sjømakta ville bli konfrontert og påverka av landbasert luftmakt, medan brunt hav var farvatn kor også landmakta, særleg i form av artilleri og missilar, påverka sjømakta.[7] Med notida sine langtrekkande fly og sjømålsmissilar, har havområda som kan reknast for blå i stor grad skrumpa inn. Det er nærmast ingen farvatn i vår del av verda kor ikkje kryssarmissilar eller fly frå land kan og vil påverke sjømakta og dimed sjøkrigen. Grensa mellom blått og grønt hav er ein funksjon av eigen tryggingskapasitet versus motstandaren si evne til å finne mål og konsentrere avgjerande eldkraft. Er motstandaren svak eller manglar havgåande kapasitetar og luftmakt som kan virke i havområda, så vil grensa gå nær land, og tilsvarande omvendt.[8] Dette betyr i sum at alle maritime operasjonar i Noreg sine nærområde finn stad i grøne eller brune farvatn. Dette understrekar ytterlegare at alle aspekt ved vår militærstrategi som involverer sjømakt også vil involvere luftmakt og jamvel dels landmakt.

Noregs strategiske omgjevnad er maritim

I utgangspunktet finnast det berre ein stat som utgjer ein eksistensiell trugsel mot Noreg sine overordna tryggingspolitiske målsetjingar – og det er Russland. Samstundes finnast det berre to kategoriar av konfliktar kor Russland vil bruke mellomstatleg valdsmakt mot eller kring Noreg. Den første er den bilaterale, men det er vanskeleg å sjå nokon potensielle bilaterale konfliktar mellom Noreg og Russland kor konflikten sin verdi for Russland vil vere tilstrekkeleg stor til at Russland er viljug til å risikere eskalering til væpna konflikt med Nato. Følgjeleg, i eit bilateralt scenario vil Russland søke å halde konflikten nettopp bilateral – og då vil valdsbruken så sant mogleg ikkje innebere invasjon og okkupasjon for å unngå ei ukontrollert og uynskt eskalering. Valds- og tvangsmakta frå den aggressive part vil altså bli avgrensa til det maritime domenet så langt mogleg, altså til domenet kor dei tenkelege bilaterale konfliktane også vil ha sin utgangspunkt.

Den andre og langt meir sannsynlege kategorien av konflikt mellom Noreg og Russland er ei stormaktskonflikt kor krigen kjem til Noreg primært grunna kor Noreg ligg geografisk. Altså ei stode kor det blir krig hjå oss grunna noko som skjer ein annan stad. Eller med di me vel å eskalerer ei bilateral konflikt til ei stormaktskonflikt.

Det er i det maritime me finn stormaktsinteressene i vår region og det er utfallet av sjøkrigshandlingar, og støttande handlingar til desse, som vil avgjere om stormaktene når sine strategiske målsetjingar i vår region, eller med utgangspunkt i vår region, i ei stormaktskonflikt. Dette er eit faktum uansett korleis Noreg innrettar seg – enkelt og greitt fordi Noreg ligg kor Noreg ligg.  Dessutan, Noreg har ikkje eit samanhengande territorium, men talrike små og spreidde busetjingar langs 100.915 km med kystline og på mange av våre 239.057 øyar. Våre landvegskommunikasjonar er få, lange, sårbare og ligg ved sjøen, og vårt landområde er i stor grad uinteressant, utilgjengeleg og ugjennomtrengeleg for større landstyrker. Noreg er geostrategisk eit land med innsida ut. Ikkje berre bur me langs kysten, men mest alle byar, tettstadar og nærmast heile vår økonomiske base og det meste av viktig infrastruktur ligg ved kysten. Kysten er altså ikkje vår yttergrense, men vårt hjarteland. Enn vidare, sjøen delar ikkje opp Noreg eller gjer kommunikasjon i Noreg vanskeleg, sjøen binder landet saman. I kort betyr dette at alt av interesse i Noreg er meir eller mindre maritimt, at vårt samfunn er avhengig av maritime kommunikasjonar og at sjølv militære operasjonar i Noreg vil vere avhengig av det maritime for forsyningar, for manøverevne og for moglegheit for trekke seg ut og rekonsolidere.[9] Dessutan, i alliansen er Noreg ei strategisk øy – alle forsterkingar av noko kvantitet må kome sjøvegen, forsynast sjøvegen, og langt på veg setjast inn i strid via eller støtta av maritime manøvrer. Dette betyr også at fiendtleg aktivitet i det maritime vil ha avgjerande påverknad på vårt strategiske, operasjonelle og langt på veg taktiske spelerom.

I sum betyr dette at all strategi i Noreg må ta innover seg at det maritime langt på veg bestemmer kva andre vil, eller ynskjer, å gjere mot oss, og kva moglegheiter og avgrensingar me sjølv måtte ha i bruk av militærmakt for å nå overordna politisk-strategisk målsetjingar. Noreg er ein grunnleggande maritim nasjon i ein region kor også andre statar sine strategiske interesser og operasjonelle mål også er grunnleggande maritime. Difor vil i stor grad kva som finn stad av fiendtlege handlingar i og mot Noreg, om det er på land, i lufta eller på sjøen, kome som resultat av nettopp stormaktene sine målsetjingar, moglegheiter, kapasitetar og utfordringar i det maritime domenet.

Når me i tillegg legg til at ein krig mellom Nato og Russland neppe vil bli avgjort på norsk landjord, så blir det maritime ytterlegare viktig for Noreg. Dette då det er kva som skjer i det maritime domenet som vil ha størst påverknad på korleis konflikten mellom Nato og Russland vil utvikle seg og dimed for på kva vilkår denne konflikten vil bli konkludert. Dess viktigare Nato sin samla innsats og suksess er for utfallet av konflikten for Noreg, dess mindre betyr stoda på land i Noreg. Ergo, for Noreg er ikkje Fioravanzo, Svechin og Corbett sine vurderingar utan vidare gyldig med di me er del av ein heilskap og det er i heilskapsbilete deira vurderingar er gyldige.

Å setje saman bilete

I vår region er altså stormaktene sine strategiske interesser mest berre av ein maritim karakter. Det heile handlar om strategiske atomvåpen, eskaleringsdominans, gjengjeldingsangrep, trugslar mot maritime kommunikasjonar og evne til å projisere makt over havet. Krigshandlingar på operasjonelt nivå i vår region vil difor bli fullstendig dominert av kva dei respektive stormaktene ynskjer å oppnå i det maritime domenet. I den grad krigshandlingar i vår region kan direkte eller indirekte påverke den overordna strategiske stoda i ei slik konflikt og dimed utfallet av konflikten, så vil denne påverkinga vere eit resultat av stoda i det maritime. Det betyr ikkje operasjonelle og taktiske hendingar ikkje vil finne stad i dei andre domena, men det betyr at desse handlingane sitt føremål vil vere å finne i det maritime. Noko som også betyr at det er det maritime som er den viktigaste stridsarenaen for å påverke Noreg si stode i og etter ein krig kor stormaktene er involvert. Enn vidare, med di alle havområda kring, i og langs Noreg er kva me i sjømaktsteorien kallar grøne, så vil all aktiviteten til norsk luftmakt anten direkte eller indirekte vere maritim luftmakt. Dette då dei operasjonelle aktivitetar i vår region primært vil finne stad for å legg til rette for eller hindre aktivitetar i og frå det maritime domenet.

Går me attende til Dyndal sitt rammeverk, så seier han at ein må forstå alle dei tre nivå, altså mål, kjerneevner og spesialiserte roller, i samanheng for å forstå maritim luftmakt, ei makt som er både sjø og luftmakt.[10] I drøftinga ovanfor har eg synleggjort at måla til norsk luftmakt, på eit overordna nivå, er definert av dei maritime strategiske stormaktsinteresser og korleis me kan bidra til å forme, mogleggjere eller hindre operasjonar som er orientert om det maritime.

Ser me vidare på kjernerollene til luftmakta, så er dei kontraluft, nedkjemping, ISR (etterretning, overvaking og rekognosering) og luftmobilitet.[11] Den viktigaste av desse er kontraluft med di dei tre andre føreset at ein har eller kan oppnå handlefridom i lufta. Tek me som utgangspunkt at luftherredøme neppe let seg etablere utan omfattande operasjonar over noko tid i møte med ein potent motstandar, så er luftoverlegenheit særleg viktig. Luftoverlegenheit er normalt avgrensa i tid og rom, og inneber ei grad av luftkontroll som tillèt eigne luft-, land-, og sjøstyrker å operere utan at motstandaren kan forstyrre dei på ein avgjerande måte.  Ettersom norske farvatn er grøne og med di det strategiske rasjonale for krigshandlingar i vår region er maritime, så er det altså den grad av luftkontroll som mogleggjer operasjonelle effektar i og mot det maritime som tek førerang. Norsk sjømakt sine roller er omfattande, men den nasjonale luten av den kan skisserast som: å hindre russisk maktprojisering mot Noreg over og frå havet, å sikre mobilitet for vår landmakt (som må på kjøl for å kunne setjast inn der trongen måtte openberre seg), å sikre eigen bruk av kysten til sivil og militær etterforsyning, samt og ikkje minst å sikre tilgang frå havet til Noreg for å ta i mot allierte forsterkingar. I tillegg kjem sjølvsagt allierte operasjonar som til dømes nærblokade og nedkjemping av den russiske sjømakta i deira heimlege farvatn, angrep mot Nordflåten sin infrastruktur og ikkje minst antiubåtoperasjonar, både i tradisjonell form, men og strategisk antiubåtkrigføring. Trongen for luftoverlegenheit i det maritime domenet er altså svært omfattande, men samstundes av avgjerande karakter for å mogleggjere både essensielle nasjonale og allierte militære operasjonar i det maritime domenet. Feilar me her, så vil korkje me eller alliansen lukkast i det maritime domenet og dimed heller ikkje i å påverke utfallet av krigen positivt på eit overordna nivå.

Samstundes, med di luftmakta har ein unik taktisk mobilitet samanlikna med sjøstridskrefter og landmakt, så vil luftmakta ha ei avgjerande rolle også i nedkjemping av fiendtlege maritime stridskrefter. Ein kan raskt bringe stor våpenmakt til bruk der og når ein trugsel openberre seg. Men i tillegg, ettersom fienden sin militære aktivitet handlar om å skape gunstige operasjonelle tilhøve for deira viktigaste maritime stridskrefter, altså dei strategiske ubåtane, så vil også andre formar for nedkjemping ved hjelp av luftmakt i all hovudsak handle om å direkte eller indirekte påverke det maritime domenet. Det vere seg operasjonar retta mot luftvern, mot missilsystem, mot baser, mot ulike luftkapasitetar eller mot kommando og kontrollinstallasjonar.

ISR, eller å skape situasjonsmedvit, er også ei kjernerolle for luftmakta. Det maritime operasjonsmiljøet er særleg avhengig av denne kapasiteten grunna det geografiske omfanget på det maritime operasjonsområdet, sjøstridskreftene sin operasjonelle mobilitet, våpenrekkevidder, evna til å operere skjult (ubåtar) og den absolutte karakteren maritim krigføring har (er eit fartøy senka – så kan det ikkje lett erstattast, og det er få av dei). Ikkje berre er det viktig å lokalisere fienden sine fartøy for å konsentrere eldkraft og utnytte våpenrekkevidde, men i tillegg så er både eigne og fiendtlege maritime stridskrefter ein så avgrensa ressurs at eit suksessfylt angrep raskt kan endre den taktiske og dimed den operasjonelle og jamvel strategiske balansen radikalt.

Konklusjon

Med di Noreg sin strategiske situasjon er grunnleggande maritim, så vil alle krigshandlingar i eller kring Noreg ha sitt utgangspunkt i maritime strategiske målsetjingar. Dette vil forme krigshandlingar og operasjonskunst på båe sider. Ettersom geografien i tillegg gjer det maritime operasjonsteateret til såkalla grøne farvatn og då det er utviklinga i det maritime domenet som er viktigast for utfallet av krigen på eit overordna nivå, så må all norsk luftmakt sjåast som direkte eller indirekte maritim luftmakt. Noreg sitt forsvarsproblem er primært maritimt, både nasjonalt og i alliansesamanheng – men maritimt i ein fellesoperativ forståing av omgrepet. Det er kva vår sjø- og luftmakt, støtta av landmakta, kan oppnå og gjere i og mot det maritime som i størst grad påverkar Noreg sin lagnad i ein krig på både eit overordna nivå. I den grad forsvarsgreinene gjennomfører taktiske operasjonar som berre har betydning i eige domene, så er dette mest berre for å mogleggjere effektar i det maritime domenet – om ikkje taktiske effektar, så i alle fall operasjonelle.

Ergo – all norsk luftmakt er maritim luftmakt!


Artikkelen ble først publisert i Luftled 2021-3.


Litteratur

Corbett, Julian S. Some Principles of Maritime Strategy.  London: The Project Gutenberg eBook, 1911 (electronic reproduction 2005).

Dyndal, Gjert Lage. "A theoretical framework of Maritime Air Power." Kungliga Krigsvetenskapsakademiens Handlingar och Tidskrift NR 4/2015 (2015).

Fioravanzo, Giuseppe. A History of Naval Tactical Thought.    Annapolis: Naval Institute Press, 1979.

Forsvaret. Forsvarets doktrine for luftoperasjoner. Forsvarets høgskole, 2018.

Pugh, David C. "Guns in the Cupboard." i Årbok for Forsvarshistorisk forskningssenter, Forsvarets høgskole, 1983-84, edited by Tamnes, Rolf. Oslo: Tanum-Norli, 1984.

Rubel, Robert C. "Talking about sea control." Naval War College Review 63, nr. 4 (2010): 38.

Svechin, Alexandr A. Strategy.    Minneapolis: East View Publications, 1927 (reprint:1992).


Noter

[1] Dyndal, Gjert Lage, "A theoretical framework of Maritime Air Power," Kungliga Krigsvetenskapsakademiens Handlingar och Tidskrift NR 4/2015 (2015)

[2] Mi omsetting: Fioravanzo, Giuseppe, A History of Naval Tactical Thought,  (Annapolis: Naval Institute Press, 1979), s. 25.

[3] Svechin, Alexandr A., Strategy,  (Minneapolis: East View Publications, 1927 (reprint:1992)), s. 70.

[4] Mi omsetjing og forenkling av Corbett, Julian S., Some Principles of Maritime Strategy, (London: The Project Gutenberg eBook, 1911 (electronic reproduction 2005)). s. 15.

[5] Ibid., s. 10. Luftmakt er lagt til av meg.

[6] Ibid., s. 15.

[7] Rubel, Robert C., "Talking about sea control," Naval War College Review 63, no. 4 (2010): s. 44-46

[8] Lausleg basert på ibid.,

[9] Inspirert av: Pugh, David C., "Guns in the Cupboard," i Årbok for Forsvarshistorisk forskningssenter, Forsvarets høgskole, 1983-84, ed. Tamnes, Rolf (Oslo: Tanum-Norli, 1984)

[10] Dyndal, .

[11] Forsvaret, Forsvarets doktrine for luftoperasjoner,  (Forsvarets høgskole, 2018), s. 44.


Foto: En Royal Navy Duke-klasse fregatt under øvelse Cold Response 2020 sett fra en amerikansk P-8 Poseidon. Onar DIgernes Aase / Forsvaret


Tor Ivar Strømmen

Orlogskaptein, historikar, forskar og doktorgradsstipendiat i sjømaktsteori. Tenestegjer som hovudlærar i maritime operasjonar ved Sjøkrigsskulen.

Er du enig/uenig med artikkelen, eller ønsker du å skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen og send inn ditt synspunkt. Bruk veiledningen vår.