Replikk: Strategisk tenking med utgangspunkt i strategiske røyndomar

Replikk: Strategisk tenking med utgangspunkt i strategiske røyndomar

. 7 minutter å lese

Tor Ivar Strømmen

Orlogskaptein, historikar, forskar og doktorgradsstipendiat i sjømaktsteori. Tenestegjer som hovudlærar i maritime operasjonar ved Sjøkrigsskulen.

24.november hadde general Diesen ein replikk til min kronikk “Å vere dobbelt sjøblind – ein forsvarsdebatt på ville vegar”. For det første vil eg takka han for å ta opp tråden og igjen kome med eit bidrag til norsk forsvarsdebatt. Samstundes, og diverre, trur eg ikkje han forstod kva eg faktisk ytra – anten det, eller så valte han medvite å vri sume av mine utsegn til noko eg slett ikkje har ytra. Eg ser difor ei trong for å klårgjere og utdjupe mine synspunkt noko. Når det er sagt, så er det svært viktig for meg å halde denne debatten på eit fagleg nivå. Eg ynskjer ikkje å gå inn ein polemisk debatt eller å skape eit retorisk slagfelt. Det me treng er ein kvalifisert og kunnskapsbasert meiningsutveksling for å fremje eit tenleg forsvar for Noreg. Om me blir einige er ikkje viktig, men me kan bidra til å løfte debatten og forståinga av kva me står ovanfor – og det har stor eigenverdi.

Med di Diesen rettar nokre «gode» retoriske spark mot meg, så tillèt eg meg likevel å plukke litt i ein av hans slengarar. Diesen hevder å sjå eit samsvar mellom uniformsfarge og eins idear om korleis ein kan løyse sjølv strategiske militære problem. Eg skal slett ikkje avvise at det kan finnast ei grad av sanning i dette, men då må eg også minne generalen på at sjefen på andre sida av grensa heiter Aleksandr Moiseyev – og han er admiral med 29 års teneste på atomdrivne ubåtar. Så med mindre påstanden om samanhengen mellom uniformsfarge og strategisk grunnsyn berre er avgrensa til Noreg, så er det vel liten grunn til å tru at den russiske strategiske kommandoen Noreg står ovanfor ikkje er grunnleggande maritim i utsyn, mål, utfordringar og løysingar?

Når eg skriv at Noreg, eller i det minste norsk forsvarsdebatt, generelt er både strategisk sjøblind og geografisk sjøblind, så er ikkje det korkje avgrensa til eit manglande russisk ynskje om bruke vårt landterritoriet eller korleis me kan overføre landmakt til Finnmark. Å vere sjøblind inneber at ein ikkje forstår det maritime domenet, kvifor det er viktig, korleis det kan brukast, og kva rolle det spelar i den strategiske røyndom militærmakta skal løyse sin oppdrag og oppgåver i. Når eg skriv at Noreg er strategisk sjøblind, så kjem det av at Noreg sine geostrategiske omgjevnadar er grunnleggande maritime. Det er i det maritime stormaktsinteressene i vår region ligg og det er utfallet av sjøkrigshandlingar (og støttande handlingar til desse) som vil avgjere om stormaktene når sine strategiske målsetjingar i vår region, eller med utgangspunkt i vår region, i ei stormaktskonflikt. Dette er eit faktum uansett korleis Noreg innrettar seg – enkelt og greitt fordi Noreg ligg kor Noreg ligg.  Likeins, når eg skriv at Noreg er geografisk sjøblind, så kjem det av at me sjeldan, korkje politisk eller militært, synast å erkjenne at Noreg ikkje eit samanhengande territorium, men talrike små og spreidde busetjingar langs 100.915 km med kystline og på mange av våre 239.057 øyar. Våre landvegskommunikasjonar er få, lange, sårbare og ligg ved sjøen, og vårt landområde er i stor grad uinteressant, utilgjengeleg og ugjennomtrengeleg for større landstyrker. Noreg er geostrategisk eit land med innsida ut. Ikkje berre bur me langs kysten, men mest alle byar, tettstadar og nærmast heile vår økonomiske base og det meste av viktig infrastruktur ligg ved kysten. Kysten er altså ikkje vår yttergrense, men vårt hjarteland. Enn vidare, sjøen delar ikkje opp Noreg eller gjer kommunikasjon i Noreg vanskeleg, sjøen binder landet saman. I kort betyr dette at alt av interesse i Noreg er meir eller mindre maritimt, at vårt samfunn er avhengig av maritime kommunikasjonar og at sjølv militære operasjonar i Noreg vil vere avhengig av det maritime for forsyningar, for manøverevne og for moglegheit for trekke seg ut og rekonsolidere. Dessutan, i alliansen er Noreg ei strategisk øy – alle forsterkingar av noko kvantitet må kome sjøvegen, forsynast sjøvegen, og langt på veg setjast inn i strid via eller støtta av maritime manøvrer. Dette betyr også at fiendtleg aktivitet i det maritime vil ha avgjerande påverknad på vårt strategiske, operasjonelle og langt på veg taktiske spelerom.

I sum betyr dette at all strategi i Noreg må ta innover seg at det maritime langt på veg bestemmer kva andre vil eller ynskjer å gjere mot oss, og kva moglegheiter og avgrensingar me sjølv måtte ha i bruk av militærmakt for å nå overordna politisk-strategisk målsetjingar. Å diskutere forsvar av Noreg er difor langt på veg meiningslaust utan å erkjenne desse grunnleggande tilhøva. Og det gjeld både i forståinga av trugsel og for å etablere konseptuelle tilnærmingar som kan løyse Forsvaret sine oppdrag i krig.

At det heile må ta utgangspunkt i ei inngåande forståing for det maritime, og i eiga trong for det maritime, betyr samstundes ikkje at alt korkje skal eller kan løysast maritimt. Kva eg skriv er ikkje ei underkjenning av strategien sitt ibuande paradoks. Det er tvert imot ei erkjenning av at strategi ikkje er lineær eller statisk. I krig og mellomstatlege konfliktar har ein alltid ein tenkande, reagerande og agerande motstandar. I strategien kan difor ikkje ein røyndom eller eit bestemt sett med handlingar og hendingar halde fram på ubestemt tid, med mindre den ibuande paradoksale logikken blir oppheva av ei utanforliggande forandring – og slike rår me ikkje med. Difor vil ein strategi som ikkje byggjer inn eit vesentleg spelerom for endringar i røyndomane og aktørane si framferd, vere ein strategi som korkje kan eller vil overleve møtet med røynda. Strategisk planlegging handlar difor mest av alt om å identifisere kva som er meir eller mindre statisk i våre strategiske føresetnadar og kontekst, og å bygge fleksibilitet kring dette. Det er altså den langsiktige trongen som kjem av geografi, andre sine interesser i og mot Noreg, og den geopolitisk maktbalansen, som er avgjerande for kva for eit forsvar me treng, og dimed for korleis Forsvaret bør samansetjast og utviklast.

Når alt dette er sakt, så må ein likevel ikkje gløyme at all forsvarsplanlegging for framtida vil kvile på føresetnader og ei føresetjing er aldri eit fakta. Samstundes, kor meir statisk ein føresetnad er, jo meir sannsynleg er det at den nærmar seg eit faktum. For Noreg er dei viktigaste statiske strategiske føresetnadane nettopp at konfliktar i vår region grunnleggande er maritime på eit strategisk nivå, samt at vår geografi gjer oss avhengig av det maritime for nærmast all flytting av større kvanta med gods, drivstoff og personell, sivil og militært. Dessutan, så står me ovanfor ein mogleg fiende med eit breitt spekter av militære virkemidlar, og som innehar strategien si største føremon – Russland vel med stor grad av sannsyn tid, stad og virkemidlar for å innleie ei militær konflikt. Utover det, så handlar vår forståing av fienden sine moglege, sannsynlege eller usannsynlege handlingar mest om kva me trur motstandaren ynskjer å oppnå og med kva midlar. Dei statiske føresetnadane gir tre viktige strategiske erkjenningar for Noreg, erkjenningar som går langt utover å etablere ein stridssituasjon som vil utløyse artikkel 5. Dei tre er:

  • Me må evne å dominere eigen kyst. Det vil seie å kunne nekte andre å bruke den, og å kunne sjølv etablere sjøkontroll der, når og med akseptert risiko når me har trong for å nytte sjøvegen til noko.
  • Med di Noreg neppe vil velje korkje tid, stad eller virkemidlar for opninga av ei militær konflikt, så vil me neppe kunne stogge eller avgrense eit innleiande angrep effektivt. Det me derimot kan er å skape eit forsvar som reduserer fienden sine alternativ og avgrensar deira operative og strategiske gevinstar av å lukkast med sine innleiande trekk.
  • For å kunne gjere dette, så må me ha stor innleiande overlevingsevne, og stor grad av fleksibilitet i eigne val av mottrekk straks røyndomen har openberra seg.

Nettopp på grunn av desse erkjenningane, så bør me slett ikkje satse alt på eit eller eit avgrensa tal av scenario som dimensjonerande. Det betyr også at me må kunne skape taktisk og operasjonell effekt i alle domena, med det føremål å bidra til ynskja strategisk effekt i den spesifikke konteksten. For landmakta sin del, så betyr dette trong for landmakt som kan kome til innsats raskt og der fienden vel å setje inn innsats. Om dette er i Finnmark, på Andøya eller ein heilt anna stad er faktisk ikkje viktig. Det viktige er at me ikkje veit og ikkje kan vite kor det vil vere. Hæren må difor vere mobil langt utover aksen Indre-Troms til Alta, eller den må allereie vere på rett plass. I tillegg må den ha røynleg manøverevne i vår geografi. Dersom me faktisk erkjenner at Noreg si strategiske grense slett ikkje er berre landgrensen mot Russland, men også heile sjøfronten og jamvel vårt luftrom, så betyr det at Hæren både må vere sjømobil og ha manøverevne i det maritime domenet i aktuelle stridsområder. Deler av Hæren må altså vere taktisk amfibisk og tett samordna med Sjøforsvaret sine kystnære kapasitetar. I tillegg, grunna Noreg sitt svært uheldige forholdstal mellom si viktigaste strategiske grense (sjøgrensa på 2.500 km), sin geografi og landmakta sin storleik, samt med di sjøvegs transport – og særleg i eit stridsområde, også er tidkrevjande og inneber taktisk risiko, så bør me ha kapabel landmakt fleire stadar enn berre i eit avgrensa område i Troms og Finnmark. Følgjeleg, eg vil slett ikkje ha mindre landmakt, men heller noko meir og vesentleg meir fleksibel landmakt innafor dei parametrane eg har skissert. Dette betyr ikkje fleire mekaniserte brigader, men mindre mobile stridseiningar med betydeleg ibuande kampkraft i vår geografiske røyndom og i møte med relativt små fiendtlege styrker.

Får me på plass eit forsvar som evner truverdig å gjennomføre operasjonar over den leist eg har skissert ovanfor, så bidrar Forsvaret ikkje berre effektivt til avskrekking og dimed til krigsførebygging, men Noreg vil då også hjelpe våre allierte i stor grad dersom det faktisk skulle bli krig. Dette med di eit slikt forsvar vil redusere Noreg si trong for alliert bistand, og særleg tidleg bistand, samt lette framføring og innsetjing av militær bistand. Ei slik innretting av Forsvaret vil også ta frå Russland, eller i det minste redusere, ei rekkje for dei gunstige operasjonelle handlingsalternativ og dimed gjere dei meir føreseielege. Dei blir dimed lettare å handtere for våre allierte, eventuelt vil Noreg låse deira styrker ned i ein strid i Noreg som gir liten operasjonell gevinst, noko som også vil vere bra for alliansen samla sett.

Me snakkar altså om eit nektingsforsvar som både skal kunne nekte fienden i å setje seg fast, samt kan redusere verdien av suksessar fienden eventuelt måtte oppnå tross nektinga. Dette er langt meir enn ei handfull taktiske einingar som søker ein bestemt strategisk effekt, det er eit forsvarskonsept som utnyttar våre komparative føremoner og tek utgangspunkt i vår geostrategiske røyndom. Dessutan, ei slik innretting av Forsvaret må ikkje vere vesentleg meir kostesam enn det Forsvaret FMR tok til orde for, faktisk heller tvert imot. Dette med di det baserer seg i større grad på rimelegare einingar og ein utstrekt bruk av asymmetriske virkemidlar (som t.d. sjøminer og at me har betre tid enn motstandaren) og på effektiv bruk av totalforsvaret sine ressursar. Ei vidare utdjuping av dette er det diverre ikkje rom for i denne samanheng – men det kan tenkast at det kjem ein oppfølgjar.


Foto: Ubåt og korvett på vei inn til Ramsund (Lars Røraas / Forsvaret)


Tor Ivar Strømmen

Orlogskaptein, historikar, forskar og doktorgradsstipendiat i sjømaktsteori. Tenestegjer som hovudlærar i maritime operasjonar ved Sjøkrigsskulen.

Er du enig/uenig med artikkelen, eller ønsker du å skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen og send inn ditt synspunkt. Bruk veiledningen vår.