Eit nordisk Zeitwende?

Eit nordisk Zeitwende?

. 4 minutter å lese

Nils Nordstrand

Kommandørkaptein og nestleder ved plan- og utviklingsavdelingen i Sjøforsvarsstaben. Tidligere ubåtsjef og erfaring fra forsvarsplanlegging i NATO.

Denne artikkelen argumenterer for at sjølv om dei nordiske landa lenge har sett særskilt mot USA for å sikre eigen tryggleik, så vil Zeitwende i Europa styre utviklinga av NATO framover.

NATO endrar seg, og meir vert det. Det er berre ein del ting som må bli avklart først. Russlands krig i Ukraina sjokkerer Vesten – Tyskland har bråvakna til Zeitwende. Noreg har i lang tid prøvd å trekkje USA nærare for å sikre oss mot Russland. Eit alternativ som skal ligge på bordet er at forsvaret av Noreg kan bli ein del av ansvarsområdet til NATOs kommando i Norfolk i USA, og ikkje Brunssum i Nederland slik det er i dag.

Ei gong eg sat i eit møte i det gamle NATO-hovudkvarteret i Brussel, dukka det opp eit minne frå barndommens dagsrevyen: Eg såg for meg Noreg på veg til NATO-toppmøte. Delegasjonen drog optimistisk til Brussel og kom slukøyra tilbake til Oslo. I staden for øyremerkte styrkjer hadde Noreg fått lovnad om at det europeiske brannkorpset framleis kunne dra til Noreg dersom det var behov. I realiteten sat brannkorpset godt fast nede i den idylliske universitetsbyen Heidelberg i sør-Tyskland. Stalin-orgla spelte då i Afghanistan og president Reagan dreiv opp spenninga mellom aust og vest slik at Sovjetunionen til slutt kom til å knekkje saman. På toppmøtet i Reykjavik i 1986 braut Reagan og generalsekretær Gorbatsjov spenninga over natta. Til Europas store skrekk og glede avvikla dei atomtrusselen. Mindre atomvåpen var mindre amerikansk tryggleiksgaranti og større europeiske forsvarsutgifter.

NATO dei siste ti-åra er ein arv frå Brussel-toppmøtet i 1994. Nasjonane var einige om at dei militære styrkane var nasjonanes, og NATO eit fellesskap. Det endra NATO frå ein kaldkrigsorganisasjon med kjende oppgåver til eit moderne og fleksibelt tryggingspolitisk verktøy for ein ny æra. NATO var ikkje lengre retta mot aust og difor ledig for nye oppdrag. Dei siste åra har me sett ei gradvis reversering. NATO er i ferd med å finne heim igjen. Det starta etter Russlands anneksjon av Krim i 2014 og toppmøtet i Wales same året. Hovudkvarteret i Napoli i Italia har fått meire ansvar i sør og Brunssum i Nederland meir i nord. Den som kjenner NATO og det amerikanske forsvaret i Europa godt, veit at når NATO endrar seg slik, så er skjer det noko med det amerikanske forsvaret. Endring hos USA betyr endring i NATO.

Søknaden til Finland og Sverige om medlemskap i NATO kan gjere den gamle sosialdemokratiske tanken om ein nordisk tryggingsallianse meir verkeleg. Eit eige nordisk operasjonsområde i NATO som ei forlenging av det atlantiske ser forlokkande ut. Finland og Sverige har eigne forsvarsavtaler med USA, og Noreg ser USA som sin næraste allierte. På landjorda heng Norden ganske godt saman sjølv om Danmark ikkje heilt passar inn. I sjøområda ser det ulikt ut. Norden er ikkje eitt sjøområde. Det er to. Eitt vest for svenskegrensa mot Atlanterhavet, og eitt aust for norskegrensa mot Austersjøen. Midt i ligg Danmark. Norden er også Europa. Dei europeiske banda er sterke, men USA er sterkast. Storbritannia ligg som før ein eller annan stad i mellom. Politikk er val, geografien kan me ikkje gjere noko med.

I sjøområda våre ser me no kor sårbar Europa er. Nord-Europa er avhengig av norsk gass. I fjor var olje og gassen ein kommersiell ressurs me helst skulle slutte å utvinne. No er den ein kritisk del av den europeiske tryggingspolitikken vår. Den strategiske konkurransen mellom USA og Russland er sterkast i sjøområda i vest. Det er også denne vegen USA må kome for å forsterke Europa. Framover er NATO i Europa samfunnstryggleik og avskrekking av Russland.

Tanken om eit eige nordisk operasjonsområde i NATO finn me igjen i NATO-arkiva. Alt tilbake til dei første åra av NATO kan me finne slike vurderingar. Havet skilde då som no Danmark frå Noreg. Danmark vart ein del av det sentraleuropeiske operasjonsområdet, og Noreg vart eit eige område i høge nord med hovudkvarter på Kolsås underlagt Europakommandoen. Europa og Atlanterhavet var to forskjellige strategiske område. Står ein i Nord-Amerika og speidar austover er det ikkje opplagt at Atlanterhavet og Europa er same strategiske område. Det er minst like mykje ein del av det nord-amerikanske.

Geografi er ein ting i NATO, noko anna er ressursar og realpolitik. Dei gamle hovudkvartera er overarbeidde. Det er ikkje berre Norden som vil ha eigne løysingar. Nye oppgåver er meir arbeid som krev fleire hovudkvarter. Det er med andre ord eit spørsmål om kor store ressursar nasjonane til saman skal bruke på NATO og korleis dei skal brukast. Det er også eit spørsmål om balanse mellom dei større nasjonane i Europa, og om balanse mellom USA og Europa. Nordiske ynskjer er berre noko av det som NATO-nasjonane må bli einige om.

Når Sverige og Finland blir medlem av NATO er ikkje det nye at dei blir allierte med USA, men at dei blir allierte med Europa. Å vere EU-medlem er ikkje det same som å vere alliert. Det er ikkje slik at det som er til det beste for den einskilde alltid er det for fellesskapet. Fellesskapet er størst og NATO-nasjonane avgjer sjølv kva som er best for NATO. Det kjem dei store nasjonane til å bestemme. Det skjer lite i NATO som Frankrike, Storbritannia og USA ikkje er einig i.

Lord Ismays, NATOs første generalsekretær, sa at formålet med NATO er "å halde russarane ute, amerikanarane inne og tyskarane nede". I tretti år prøvde NATO å få inn Russland, i åtti år har USA prøvd å få Europa til å ta ansvar for seg sjølv, og i tretti år har Tyskland ikkje villa leie.

Zeitwende er det nye. Tyskland, med Europas største økonomi, kjem til å ha eigne meiningar og stå hardare på krava sine framover. Gjer dei ikkje det, er Zeitwende ikkje noko anna enn tomme ord. Tar Tyskland leiarskap saman med Frankrike og Storbritannia kjem realpolitiken heim til Europa og Zeitwende blir dreiepunktet i NATO. Då kjem Europa til å ta meir ansvar.

Meir Europa betyr mindre USA.


Illustrasjon: Maxim Studio/Shutterstock


Nils Nordstrand

Kommandørkaptein og nestleder ved plan- og utviklingsavdelingen i Sjøforsvarsstaben. Tidligere ubåtsjef og erfaring fra forsvarsplanlegging i NATO.

Er du enig/uenig med artikkelen, eller ønsker du å skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen og send inn ditt synspunkt. Bruk veiledningen vår.